Velkommen!!





torsdag 14. juli 2011

Innspirasjonstur til Flor og Fjære:)


 På onsdag reiste endeleg mannen i huset og meg til Flor og Fjære! Etter mykje hinting i fleire år (frå mi side), måtte eg tilslutt ta saken i eigne hender, og bestilla ein tur:-)
Biletet over er teke i båten på veg bort. Me tok båt frå Stavanger, sjølve båtturen tok ca 20 min.
Veldig koseleg:-)


Mor og svigermor passa ungane. Det hadde heilt klart ikkje våre same opplevinga med ein 4 åring som heller ville ha bada i dammane og hoppa frå steinar, enn å sjå på blomar. Og ein eit åring som liker veldig godt å PLUKKA blomar, og bruker mesteparten av fritida si på å springa i frå meg:-)



Me var kjempe heldige med veret! Etter regn og masse vind i mest vekevis, hadde me blå himmel og mest vindstille!



Dei har 30 000 besøkjande kvart år! Det kan eg forstå:-)





 Det vart plantar ut 50 000 sommarbloma kvart år! For ikkje å snakka om alle foskjellege planter som må tas inn om vinteren. Litt av eit arbeid!


Eple hekk! praktisk og fint:-) Syner visst ikkje så godt på biletet.


Eg er definitivt innspirert! Om eg ikkje hadde mange nok idear til hagen vår frå før, har eg i alle fall det nå:) 
 Heilt fantastisk flott hage!!!:)
Kjempe god mat, og bare den råaste kokken:)

Sjekk ut heimesida deira for meir info :


tirsdag 12. juli 2011

Grillhytta by night..



Stolen fann eg på sankthans bålet.
Trommeltingen tok mannen i huset med
heim frå arbeid, etter VELDIG mykje overtalelse:)
Gjekk tilslutt med på det då eg kom heim med skattane mine frå sankthans bålet. 
Då passa det inn med det andre skrotet mitt meinde han på..
Jaja eg er fornøyd:-)
Bordet og stolen har eg kvitbeisa.


Den brune benken fekk og vera med heim frå sanktans bålet.
Tenkte eg skulle mala den kvit..
Dei runde puffane er kjøpt på Ikea for mange år sidan.
                                          


Fine liten terrassevarmer!! Godt med ein elektriker som mann:-)
Han har og lagt opp ein stikkontakt til meg, slik at eg kan steike vaffler ute.



Kull grillen som står gøymt bak steinen, har og mannen i huse laga.
Eg tykkjer det er absolutt mest koseleg med kull grill,
sjølv om det tek ein halv evighet før maten kan inntas!


søndag 10. juli 2011

Redda frå sankthans bålet!

Eg var så heldig å fekk gå på skattejakt på sankthans bålet hjå ei venninna! Dei hadde rydda ut av ei gammal løa som skal rivast...Fann kjempe mykje fint!

Denne gamle dynamitt kassen får leva vidare som blomekasse:-)


Gamle eplekassar..Det lyser så fint i lykta på kveldane.

Synest dei passa fint oppå trappa på terrassen.

Kjempefin blåmalt stige! Akkurat passe slitt. Passa så godt inn med fargane på terrassen.
Eg har henge opp eit par små lykter til å ha telys i.


Har og ein gammal stol og ein benk  som eg fann på bålet. Bilete kjem forhåpentlegvis i morgon:)

Nå er det endeleg ferie for mannen i huset!! Me feirar med cola, snop og ein god film:-)

Ha ein flott søndagskveld!:)


onsdag 15. juni 2011

Voksduk...


Kan brukast til så mangt:-) Har ikkje før bilete, men trekket var svart. Eg er ikkje så veldig glad i det svarte, så planen var heile tida å skifte ut trekket då me kjøpte spisebordstolane.
 Ganske imponert av meg sjølve at eg klarte å venta i 4(!!) år før eg gjorde det..Eg stifta trekket bare over det gamle, i tilfelle eg angrer ein vakker dag... sjølv om det er svært tvilsomt! Det var veldig lett, og fort gjordt.

I tillegg kjøpte eg denne flotte duken, som diverre har fått gjennomgå av eitåringen i huset! Derfor noko skrukkete.

Puta måtte eg bare ha. Tenkte eg skulle vera fornuftig så gjekk heim utan ho fyrst. Men eg klarte ikkje gløyma ho, så måtte tilbake to dager etterpå å henta den heim :-)


     Passer perfekt i stolen tykkjer eg :-)
     Alt er kjøpt på Fargerike Halvorsen på Varhaug!

tirsdag 14. juni 2011

Snart sommer!!

Det kom visst aldri noko bilete av julepynta hus! Plutseleg gjekk tida for fort, og nå er det alt forsommer (sjølv om det kjennes meir ut som haust).
 Nå skal eg prøva å oppdatera litt meir regelmessig :)
Ein liten forhåndskikk på litt av terrassen vår, som min flinke mann har laga:-)  Huset vårt ligg i ei roleg gate med stor tomt, heile 1234kvm! Sjølve terrassen er på140kvm. Dette bilete har eg teke for ei stund sidan, før eg hadde fått hengt  opp ampelen min. Håpar at dritt vere snart gjer seg slik at eg kan ta bilete av resten av hagen vår. Alt vert liksom finare når sola skin :-)
Grillhytta i bakgrunnen er veldig koseleg å sitte i, på seine kveldar. Denne  har og mannen i huset laga, samt ein stor grill inni., som han har sveisa? saman.  Einaste problemet er at hytta er litt liten, i alle fall til sofaen  som eg hadde (forhands) kjøpt.. :-)  Heldigvis har me så stor terasse at det vart ikkje noko problem:) Førebels er det nokså tomt inni der,, Eg føreslo å laga sofa av euro paller med jul på, dela dei i to, kjøpa madrass og puter.så kan me trilla dei ut ettersom kor me treng sitteplassar..! Mannen i huset syntest at det va noko av det dummaste han hadde høyrt! Hmm..kan eg ikkje forstå! Jaja , eg føreslo og at me (les han) , kunne laga smale benker med bord i midten langs veggen,.Trur den tanken var meir realististisk for han, men fortsatt ikkje heilt overbevist.. .Forslag mottas med takk :-)



lørdag 27. november 2010

Snart jul!!!:)

  Er visst to veker sidan sisst innlegg. Hadde ein plan om å ikkje la det gå meir enn ei veke mellom kvart, men den planen sprakk visst fort gitt! Er ikkje mangel på ting å blogga om, heller andre vegen!  Nå er me snart på veg inn i desember månad, skummelt kor fort tida går..Men desember er etter mi meining desidert den gildaste månaden i året:) Så gildt å baka julakaker, pynta å laga det koseleg til jul!!:)
 På fredag var storebroren i huset med å pynta. Det lysa i augo hans mens han plukka ting opp fra øskja! Iført nissetøffler og nissehue:) Gode minner..
 Dette året har eg vorte innspirert av Pippi til valg av julekalender:) Pippi er helt(innen) her i huset for tida! Ho var favoritten min og då eg var liten, så veldig gildt att mine ungar og liker dei:) Kan framleis mest alle filmane hennar utanatt. Her ein dag sat eg og storebroren i huset og såg Pippis jul. Han var veldig fasinert over treet Pippi hadde i hagen sin, med alle pakkane som hang på det. Då fekk eg ein ide å ta ei grein frå skogen inn i stova og henga alle kalenderpakkane hans på. Stor suksess!! Og eg syntes det var både dekorativt og fin:) Mannen i huset var ikkje like overbevist, men pytt:)
Manglar ein del pakkar endå, men dei kjem. Bilete av julepynta hus kjem snart:)

fredag 12. november 2010

Husk Farsdagen!!


 I morgon skal eg vera med mi kjære syster Vivian og hjelpa til i butikken hennar. Ho driv blomsterbutikk på Vigrestad. Eg gler meg kjempe mykje! Gildt å arbeida litt i permisjonen:)
Kom og kjøp hjå meg folkens:)



 
 Ny toalettrull holder, kjøpt på Krims og Krans:)


"Nytt" servise..Fekk det av mormora til venninna mi Anne Mari.

                                             Så fint!:)


Rame frå Ikea, var opprinneleg svart. Eg har spraymala den og tatt ut glaset.. Hadde i grunnen tenkt å setta spegel i den, men syntes den var fin uten noko og. Har hengt den opp på veggen ved sida av kryssedull veggen i stova, syntes det passa fint, sidan det er liknande kryssedullar i rama.

Skrift på do døra! skulle i utgangspunkte stå toalett men eg hadde ikkje nok bokstavar, så måtte nøya meg med do:) (Då eg ikkje hadde tålmod til å venta til eg hadde kjøpt fleire bokstava) Har skreve på bad døra ,og navnet til ungane på dørene til romet deira. Er veldig lett å skrapa vekk viss ein ombestemmar seg, kjem ikkje merke på døra.

Ha ein fin fredagskveld folkens!!:)