Velkommen!!





lørdag 24. desember 2011

Julafta


























Litt julabilete frå heimen vår!  Etter ei travel førjulstid, nyt med julafta til det fulle!
God jul til alle!!:-)

lørdag 3. september 2011

Lørdags prosjekt:)


Eg har lenge vore på leiting etter ein gammal gyngestol utan å finne den rette. Men nå har eg endeleg funne ein som er akkurat slik eg har vore på utkikk etter. Passe stor og med fine detaljer!
Meg og litlesyster i huset var på Krims og Krams og henta den i dag tidleg:)


Då ho skulle kvila sette eg i gang: Pussa, pussa og pussa! Pussa litt til, vaska den, mala eit strøk med grunning og to med vannbasert maling. Veldig greit med vannbasert, ingen lukt og tørker veldig fort og det passer meg bra:)



Og slik vart resulatet!
 Eg er fornøyd:)
Syner ikkje så godt på biletet, men fargen er lys grå.


Stolen er utrulig god å sitta i!:-)
 Skal innvestera i ein stor skinnfell til å ha oppi etter kvart.
Ser ikkje vekk frå at det kjem til å verta favoritt stolen min framover:-)



fredag 12. august 2011

SOL!



Eit av mine mange bed:-)
Litt lite farge i bedet, dei fleste av staudane er avblomstra.
Neste år har eg forhåpentlegvis eit drivhus, og då skal beda vera fulle av sommarbloma:-)











Må tilslutt visa tallerkenhylla som eg fann på loppemarked i Danmark til 75kr! Eg har pussa og mala den..tenkte mi syster Vivian skulle få den. Etterbilete kjem når ho har fått den opp på veggen:-)
Det var utruleg mange gamle fine ting i Danmark, og mykje billegare enn på loppemarked/gjenbruk i Noreg..skulle hatt med tilhenger!! Men veit at det va i alle fall ein som var svært glad for at me har liten bil, og ikkje hadde plass til meir ein den eine hylla:-)


Ha ein fin fredagskveld!

søndag 7. august 2011






Nyter sisste rest av søndagskvelden med interiørblad, snop, og cola i min nye Mano kopp:-) Kjøpt på tilbud i Danmark. Eg kjøpte 4 stk, to rosa og to kvite.
Ha ei flott veke!:-)






lørdag 6. august 2011

Ein hærleg lørdag!


I dag har me fått ein del plantar i jorda, i det strålande veret!
 Det ser fortsatt veldig bart og tomt ut, i alle fall på biletet, men det kjem seg etter kvart:-)  Søyleospen som skulle regjera det bedet, visar mest ikkje!
Har ein del planter frå dei andre beda som eg skal flytta over i dei nye. Har og mange staudar som eg skal dela. Men må ta litt etter litt, begrensa kor mykje ein får gjordt med 2 små som og skal underholdast. Storebroren i huset hadde besøk av to kamerater, så då fekk eg gjordt mykje mens litlesystar sov.
Hadde raka jorda klar til bilete, men såg ikkje før nå at små barneføtter har vore i beda mine.. Stor vannkrig på gang i hagen vår i dag, så det var ville tilstander!:-)


Elendige bilete I know!  Mykje finare i verkelegheita.


Eit lite oversiktsbilete..Trur det vart greit.
Eg har planar for eit bed til(!) nedanfor det store bedet til venstre, med ein sti i midten. Mannen i huset er ikkje heilt einig (enda) , han er redd for å missa fotballbanen sin!


Fine brønnen min, som flinke Stein har laga til meg!


Veldig fornøyd med hageportalen vår.
Det var ein benk i midten som me har skrudd av. Tenkte å kjøpa kjetting til den og henga den opp, som ei huske på terrassen vår.



fredag 5. august 2011

Hageprosjekt:-)

 Eg har lenge hatt lysst på meir bed i hagen min. Eg tykkjer det er så gildt!! I går fekk eg med meg mannen i huset ut, så eg kunne lufta nokre idear eg hadde. Han vart gira, og ein havltime seinere sat han på minigravaren!:) Eg er veeeldig utolmodig av meg, og alt skulle helst vorte gjordt i går, så det passa meg perfekt!!:)


Har ikkje før bilete, men me har ikkje laga fleire bed  bare utvida dei me har.
 Mellom beda her skal me ha ei sittegruppa.


 
                                     

 

Her skal me legge skifar eller belegningsstein etter kvart. Greit å sleppa å flytta hammocken kvar gong me klyppar plenen. Bilete under viser korleis det var før me byrja grava. Det svarte trekket følgde med. Eg tykkjer det vart litt skarpt mot det kvite, så planen er å byta det ut med eit grått.
                                     

 


Her har me og tenkt å legga skifer eller beleggningsstein, og ha ei sittegruppa. Her er det veldig lunt og godt, noko som er heildt nødvendig på denne forblåste plassen!

Nokre av plantene eg har kjøpt:) To tujar til halv pris, ein søyleosp og tre tujar på stamme. Dei tre på stamme fekk eg til kun 99kr per stk! Veldig fornøyd med handelen min:)
Eg trur det vert bra, gledar meg til å byrja å planta!
Fortsettelse følgjer!:-)


torsdag 4. august 2011

Litt meir terrasse..


Her er sofaen som eg tenkte skulle passa så fint inn i grillhytta..den gang ei!


Jaja eg tykkjer den passa vell så godt her..:)
Sofaen er kjøpt på salg. Hadde nok ikkje tatt svarte puter om eg kunne ha valgt sjølve.
Ikkje bare på grunn av fargen, men det svir i rumpe og lår å setta seg ned når sola skin!
Har ein plan om å sy nye trekk til sofaen min..må bare bearbeide min kjære mann fyrst..



Litt frå grillhytta. Gammalt serverings fat som eg har beisa og skreve "carpe diem" på.