Velkommen!!





lørdag 6. august 2011

Ein hærleg lørdag!


I dag har me fått ein del plantar i jorda, i det strålande veret!
 Det ser fortsatt veldig bart og tomt ut, i alle fall på biletet, men det kjem seg etter kvart:-)  Søyleospen som skulle regjera det bedet, visar mest ikkje!
Har ein del planter frå dei andre beda som eg skal flytta over i dei nye. Har og mange staudar som eg skal dela. Men må ta litt etter litt, begrensa kor mykje ein får gjordt med 2 små som og skal underholdast. Storebroren i huset hadde besøk av to kamerater, så då fekk eg gjordt mykje mens litlesystar sov.
Hadde raka jorda klar til bilete, men såg ikkje før nå at små barneføtter har vore i beda mine.. Stor vannkrig på gang i hagen vår i dag, så det var ville tilstander!:-)


Elendige bilete I know!  Mykje finare i verkelegheita.


Eit lite oversiktsbilete..Trur det vart greit.
Eg har planar for eit bed til(!) nedanfor det store bedet til venstre, med ein sti i midten. Mannen i huset er ikkje heilt einig (enda) , han er redd for å missa fotballbanen sin!


Fine brønnen min, som flinke Stein har laga til meg!


Veldig fornøyd med hageportalen vår.
Det var ein benk i midten som me har skrudd av. Tenkte å kjøpa kjetting til den og henga den opp, som ei huske på terrassen vår.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar