Velkommen!!





tirsdag 12. juli 2011

Grillhytta by night..



Stolen fann eg på sankthans bålet.
Trommeltingen tok mannen i huset med
heim frå arbeid, etter VELDIG mykje overtalelse:)
Gjekk tilslutt med på det då eg kom heim med skattane mine frå sankthans bålet. 
Då passa det inn med det andre skrotet mitt meinde han på..
Jaja eg er fornøyd:-)
Bordet og stolen har eg kvitbeisa.


Den brune benken fekk og vera med heim frå sanktans bålet.
Tenkte eg skulle mala den kvit..
Dei runde puffane er kjøpt på Ikea for mange år sidan.
                                          


Fine liten terrassevarmer!! Godt med ein elektriker som mann:-)
Han har og lagt opp ein stikkontakt til meg, slik at eg kan steike vaffler ute.



Kull grillen som står gøymt bak steinen, har og mannen i huse laga.
Eg tykkjer det er absolutt mest koseleg med kull grill,
sjølv om det tek ein halv evighet før maten kan inntas!


1 kommentar: