Er visst to veker sidan sisst innlegg. Hadde ein plan om å ikkje la det gå meir enn ei veke mellom kvart, men den planen sprakk visst fort gitt! Er ikkje mangel på ting å blogga om, heller andre vegen! Nå er me snart på veg inn i desember månad, skummelt kor fort tida går..Men desember er etter mi meining desidert den gildaste månaden i året:) Så gildt å baka julakaker, pynta å laga det koseleg til jul!!:)
På fredag var storebroren i huset med å pynta. Det lysa i augo hans mens han plukka ting opp fra øskja! Iført nissetøffler og nissehue:) Gode minner..
Dette året har eg vorte innspirert av Pippi til valg av julekalender:) Pippi er helt(innen) her i huset for tida! Ho var favoritten min og då eg var liten, så veldig gildt att mine ungar og liker dei:) Kan framleis mest alle filmane hennar utanatt. Her ein dag sat eg og storebroren i huset og såg Pippis jul. Han var veldig fasinert over treet Pippi hadde i hagen sin, med alle pakkane som hang på det. Då fekk eg ein ide å ta ei grein frå skogen inn i stova og henga alle kalenderpakkane hans på. Stor suksess!! Og eg syntes det var både dekorativt og fin:) Mannen i huset var ikkje like overbevist, men pytt:)
Manglar ein del pakkar endå, men dei kjem. Bilete av julepynta hus kjem snart:)
Velkommen!!
lørdag 27. november 2010
fredag 12. november 2010
Husk Farsdagen!!
Kom og kjøp hjå meg folkens:)
Ny toalettrull holder, kjøpt på Krims og Krans:)
"Nytt" servise..Fekk det av mormora til venninna mi Anne Mari.
Rame frå Ikea, var opprinneleg svart. Eg har spraymala den og tatt ut glaset.. Hadde i grunnen tenkt å setta spegel i den, men syntes den var fin uten noko og. Har hengt den opp på veggen ved sida av kryssedull veggen i stova, syntes det passa fint, sidan det er liknande kryssedullar i rama.
Skrift på do døra! skulle i utgangspunkte stå toalett men eg hadde ikkje nok bokstavar, så måtte nøya meg med do:) (Då eg ikkje hadde tålmod til å venta til eg hadde kjøpt fleire bokstava) Har skreve på bad døra ,og navnet til ungane på dørene til romet deira. Er veldig lett å skrapa vekk viss ein ombestemmar seg, kjem ikkje merke på døra.
Ha ein fin fredagskveld folkens!!:)
mandag 8. november 2010
Ferdig!!
Syntes det vart rektig så fint!:) Pynten er så som så. Slengde i noko for bilete si skuld:)
Hylla til Hanna Sofia. Skal og ha bøkene hennar i etterkvart, førebels har ho ikkje fått så mange:)
Den øydelagte stygge tapeten skal me skifta før ho byrjar å sova på romet sitt. Forhåpenlegvis i næraste framtid:)
Eg ville i grunn hatt hylla på badet over badekaret. Fin plass å ha blader, shampo o.l tenkte eg..mannen i huset var totalt ueinig!! Tull å bora i membranen blablabla:) jaja så fekk dåkkå vår ei fin hylla på romet sitt:)
søndag 7. november 2010
Sofakroken vår!
Bilete er teke nå i kveld..Øvar meg på å ta fine bilete med speilreflekskamera vårt! Men det er alt for teknisk for min hjerne:) Eller så er det bare eg som syntest det er veldig kjedeleg. Vil jo bare at det skal ta fine bilete når eg trykkjer på knappen.Har ikkje tålmod til å driva og stilla det inn i hytt å ver fyrst:) Anten blir det alt for mørkt slik som her, eller alt for lyst. Hmm jaja øvelse gjer mester!
lørdag 6. november 2010
JIPPI!!!
Gler meg til å mala dei:) Dei visste ikkje kor gammal denne var, bare at ho var svært gammal:) Trur eg vil ha ho på kjøkkenet..fortsettelse følger!
Og til slutt denne søte kanelkrukka. Kjekt å ha kanelen i noko fint:) Må sei eg er svært fornøyd med handelen min i dag!!:)
Nå er det full avslapning her i huset!! Cola, snop og sjokolade på bordet:) Tenkte eg skulle byrja å pussa litt på hyllene og:) Elskar slike lørdagar!
Ha ein fin kveld!!:)
fredag 5. november 2010
Prosjekt stol!
Hugsa faktisk å ta før bilete på stolen! Den står på vårt soverom. Trengde noko til å legga sengateppe på, på netttene og dei dagane eg ikkje gidd å ordna senga på morgonen:) Fann stolen på gjenbruk for 125kr.
Var veldig i tvil kva farge den skulle få, eller om eg i det heile skulle mala den. Syntes den var flott slik den var og. Men etter litt tenketid fann eg ut at eg ville ha den lys grå. Står i stil til resten av fargane på soverome..veldig fornøgd!!:)
Hugsa faktisk å ta før bilete på stolen! Den står på vårt soverom. Trengde noko til å legga sengateppe på, på netttene og dei dagane eg ikkje gidd å ordna senga på morgonen:) Fann stolen på gjenbruk for 125kr.
Var veldig i tvil kva farge den skulle få, eller om eg i det heile skulle mala den. Syntes den var flott slik den var og. Men etter litt tenketid fann eg ut at eg ville ha den lys grå. Står i stil til resten av fargane på soverome..veldig fornøgd!!:)

tirsdag 2. november 2010
Haust!!:)
Eg likar hausten veldig godt..liker alle årstidene, men det er noko spesielt når dagane byrjar å verta kortare, kaldare ute, reggen og stygt ver.Koseleg å sittapå kveldane inne under eit teppe med levande lys med god samvittighet!
Har vore på Krims og Krans i dag og kjøpt meg ny duk. Og hjå systera mi og kjøpt rosar:) Dei er kvite med dus rosafarge inni, kjempe fine!!
Har vore på Krims og Krans i dag og kjøpt meg ny duk. Og hjå systera mi og kjøpt rosar:) Dei er kvite med dus rosafarge inni, kjempe fine!!
Abonner på:
Innlegg (Atom)