Velkommen!!





torsdag 14. juli 2011

Innspirasjonstur til Flor og Fjære:)


 På onsdag reiste endeleg mannen i huset og meg til Flor og Fjære! Etter mykje hinting i fleire år (frå mi side), måtte eg tilslutt ta saken i eigne hender, og bestilla ein tur:-)
Biletet over er teke i båten på veg bort. Me tok båt frå Stavanger, sjølve båtturen tok ca 20 min.
Veldig koseleg:-)


Mor og svigermor passa ungane. Det hadde heilt klart ikkje våre same opplevinga med ein 4 åring som heller ville ha bada i dammane og hoppa frå steinar, enn å sjå på blomar. Og ein eit åring som liker veldig godt å PLUKKA blomar, og bruker mesteparten av fritida si på å springa i frå meg:-)



Me var kjempe heldige med veret! Etter regn og masse vind i mest vekevis, hadde me blå himmel og mest vindstille!



Dei har 30 000 besøkjande kvart år! Det kan eg forstå:-)





 Det vart plantar ut 50 000 sommarbloma kvart år! For ikkje å snakka om alle foskjellege planter som må tas inn om vinteren. Litt av eit arbeid!


Eple hekk! praktisk og fint:-) Syner visst ikkje så godt på biletet.


Eg er definitivt innspirert! Om eg ikkje hadde mange nok idear til hagen vår frå før, har eg i alle fall det nå:) 
 Heilt fantastisk flott hage!!!:)
Kjempe god mat, og bare den råaste kokken:)

Sjekk ut heimesida deira for meir info :


1 kommentar:

  1. Så kjekt du endelig fikk vært der.. Kanskje du faktisk var på båten til min mann..?? Husker ikke hvilken dag han var der,men de bytter litt på hvem så går inn med båt,det er Rødne som har turene dit. Jeg har også lyst og reise dit en gang..Han sier det er nydelig og har inspirasjon som vi skal ha med når vi skal bygge hus og lage til hage:)
    Hilsen mariahs-mariahs.blogspot.com

    SvarSlett