Kjøpte to like stolar for 50kr stk på loppemarked. Eg har malt dei lys antikk. Skal skifta stoff på dei og, men syntes det er alt for dyrt å levera dei inn for å trekka dei om. Så tenkte eg skulle gjera det sjølve. Slengde sauaskinne over førebels så det kunne dekka det stygge stoffet. Syntes det var litt fint, så enn så lenge får det vera slik, iallefall på vinteren:)
Denne står på gangen oppe, så har eg ein lik på gangen nede. Den har eg tatt grått sauaskinn over. Veldig praktisk å sitta på når eg skal kle på ungane:)
Velkommen!!
søndag 31. oktober 2010
torsdag 28. oktober 2010
Skjenken kjøpte eg på gjenbruken for 500kr. Den var veldig dårleg vedlikehalden. Fleire lag med maling, og den var flassa av og bulkete,er og små sprekker i den. Eg vaska og pussa litt på den før eg mala den. skifta knotta og pussa med sandpapir rundt i kantane, og andre plassar det vert natuleg slitasje. Små sprekkene i skjenken er bare sjarmerande tykkjer eg:)
Det var ein gammal mann som hadde hatt skjenken. han døydde då han var 80-90. Han hadde arva den av sine foreldre igjen! Så den er veldig gammal, og det likar eg:) Me har skjenken på gangen.
Er litt overivrig etter å byrja å mala, att eg som regel gløymer å ta før bilete når eg pussar opp ting. Skjerpings!
Er litt overivrig etter å byrja å mala, att eg som regel gløymer å ta før bilete når eg pussar opp ting. Skjerpings!
Kvit stil...
Dette skapet fant eg på loppemarked for 500kr. Det var brunbeisa å fint vedlikehalde. Sette det på plass under trappa i stova. (!!) Etter å vurdert å ha det brunt i nokre timar fannt eg fram malekossten:) Men veldig fornøyd:)
Flotte utskjæringar!
Flotte utskjæringar!
tirsdag 26. oktober 2010
Fretex lampa
Fant denne lampa på fretex for 15kr! Eg har spraymala ho med krom spray, og kjøpt ein billeg lampeskjerm på ikea.. Ramen på sida har også fått ein omgang med sprayboksen:)
Vitrineskapet på loftstova
Vitrineskapet var tidlegare brunbeisa. Eg har mala det lys antikk og sett på nye knott.
Tapenserte det inni , bak på veggen. Brukte den same tapeten som me har på ein vegg i stova . Kjem ikkje så godt fram på bilete, men er nokon kryssedullar på den:)
150år gammal kakkelovn!
Den skal stå der som den stygge peislingnande greia står.. Står på vent til mannen i huset har tid til å hjelpa:) Dårleg bilete, er mykje finare live!
mandag 25. oktober 2010
Veldig fornøyd med klokka mi på kjøkkenet!
Krukkene i hylla kjøpte eg på gjenbruken for ca 30kr stk.
Gammal kjøkkeninnredning som var i huset då m kjøpte det. Me fekk det spraymala og flytta på det. Kom seg veldig!! Men ønsker meg ny kjøkkeninnredning. Dei nye er jo mykje meir praktiske og rommar meir. Vil og at innredninga skulle gått til taket..mykje finare og meir praktisk..denne må nok duge nokre år til i følge mannen i huset..Bilete av heile kjøkkene kjem seinare.
Krukkene i hylla kjøpte eg på gjenbruken for ca 30kr stk.
Gammal kjøkkeninnredning som var i huset då m kjøpte det. Me fekk det spraymala og flytta på det. Kom seg veldig!! Men ønsker meg ny kjøkkeninnredning. Dei nye er jo mykje meir praktiske og rommar meir. Vil og at innredninga skulle gått til taket..mykje finare og meir praktisk..denne må nok duge nokre år til i følge mannen i huset..Bilete av heile kjøkkene kjem seinare.
Ei gammal mjølbøtte..
Baderomsinnredninga vår.
Denne "arva" me av farfaren til Olav. Han pleide bruka den til å gje mjøl og melk til kalvane og sauene. Ser han framfor meg. stabbande avgårde med bøtta på slep:) Syntes den er sjarmerande, og ypperleg til å ha dorullane i!:)
Hmm bilete av baderomsinnredninga skulle koma under mjølbøtta! Jaja finn vell utav det etter kvart.Oppslagstavla mi!
søndag 24. oktober 2010
Mitt fyrste innlegg!
Eg er litt overinteresert i interiør og oppussing.Syntest det er så gildt å gå på gjenbruk og loppemarked! Finna skattar for så å pussa dei opp..det er terapi, det og riva ugras i beda mine:) Sidan det har vorte ein del møblar å diverse eg har pussa opp, tenkte eg det kunne vera gildt å ha en blogg å dokumentera alt på. Sjå tilbake på, få tips og idear frå (forhåpentlegvis) nokon som gidd å lesa bloggen min:)
Yndlingsmøbelet mitt i heimen for tida er denne gamle stolen:)
Syntest det er sjarmerande med slitte gamle møbler som ikkje blir pussa opp, men får vera i fred.Men kunne aldri hatt alle møblene slik.
Stolen står å prydar i loftstova, med eit gammalt sengeteppe over. Mannen i huset er ikkje like begeistra for stolen min, han rista fælt på hovudet då eg kom drassande inn med den..vell er han vand med at eg kjem heim med mykje gammalt skrot, men pleier alltid å mala og pussa det opp før eg dreg det inn:)
Beklager dårlege bilete! Har tatt bileta med vanleg fotoapparat. Har speilreflekskamera og, må bara finna ut korleis det fungerar:)
Abonner på:
Innlegg (Atom)