Velkommen!!





lørdag 27. november 2010

Snart jul!!!:)

  Er visst to veker sidan sisst innlegg. Hadde ein plan om å ikkje la det gå meir enn ei veke mellom kvart, men den planen sprakk visst fort gitt! Er ikkje mangel på ting å blogga om, heller andre vegen!  Nå er me snart på veg inn i desember månad, skummelt kor fort tida går..Men desember er etter mi meining desidert den gildaste månaden i året:) Så gildt å baka julakaker, pynta å laga det koseleg til jul!!:)
 På fredag var storebroren i huset med å pynta. Det lysa i augo hans mens han plukka ting opp fra øskja! Iført nissetøffler og nissehue:) Gode minner..
 Dette året har eg vorte innspirert av Pippi til valg av julekalender:) Pippi er helt(innen) her i huset for tida! Ho var favoritten min og då eg var liten, så veldig gildt att mine ungar og liker dei:) Kan framleis mest alle filmane hennar utanatt. Her ein dag sat eg og storebroren i huset og såg Pippis jul. Han var veldig fasinert over treet Pippi hadde i hagen sin, med alle pakkane som hang på det. Då fekk eg ein ide å ta ei grein frå skogen inn i stova og henga alle kalenderpakkane hans på. Stor suksess!! Og eg syntes det var både dekorativt og fin:) Mannen i huset var ikkje like overbevist, men pytt:)
Manglar ein del pakkar endå, men dei kjem. Bilete av julepynta hus kjem snart:)

fredag 12. november 2010

Husk Farsdagen!!


 I morgon skal eg vera med mi kjære syster Vivian og hjelpa til i butikken hennar. Ho driv blomsterbutikk på Vigrestad. Eg gler meg kjempe mykje! Gildt å arbeida litt i permisjonen:)
Kom og kjøp hjå meg folkens:)



 
 Ny toalettrull holder, kjøpt på Krims og Krans:)


"Nytt" servise..Fekk det av mormora til venninna mi Anne Mari.

                                             Så fint!:)


Rame frå Ikea, var opprinneleg svart. Eg har spraymala den og tatt ut glaset.. Hadde i grunnen tenkt å setta spegel i den, men syntes den var fin uten noko og. Har hengt den opp på veggen ved sida av kryssedull veggen i stova, syntes det passa fint, sidan det er liknande kryssedullar i rama.

Skrift på do døra! skulle i utgangspunkte stå toalett men eg hadde ikkje nok bokstavar, så måtte nøya meg med do:) (Då eg ikkje hadde tålmod til å venta til eg hadde kjøpt fleire bokstava) Har skreve på bad døra ,og navnet til ungane på dørene til romet deira. Er veldig lett å skrapa vekk viss ein ombestemmar seg, kjem ikkje merke på døra.

Ha ein fin fredagskveld folkens!!:)

mandag 8. november 2010

Ferdig!!


 Syntes det vart rektig så fint!:) Pynten er så som så. Slengde i noko for bilete si skuld:)

Hylla til Hanna Sofia. Skal og ha bøkene hennar i etterkvart, førebels har ho ikkje fått så mange:)
Den øydelagte stygge tapeten skal me skifta før ho byrjar å sova på romet sitt. Forhåpenlegvis i næraste framtid:)
Eg ville i grunn hatt hylla på badet over badekaret. Fin plass å ha blader, shampo o.l tenkte eg..mannen i huset var totalt ueinig!! Tull å bora i membranen blablabla:) jaja så fekk dåkkå vår ei fin hylla på romet sitt:)

søndag 7. november 2010

Sofakroken vår!

Bilete er teke nå i kveld..Øvar meg på å ta fine bilete med speilreflekskamera vårt! Men det er alt for teknisk for min hjerne:) Eller så er det bare eg som syntest det er veldig kjedeleg. Vil jo bare at det skal ta fine bilete når eg trykkjer på knappen.Har ikkje tålmod til å driva og stilla det inn i hytt å ver fyrst:) Anten blir det alt for mørkt slik som her, eller alt for lyst. Hmm jaja øvelse gjer mester!

lørdag 6. november 2010

JIPPI!!!


Sjå kva eg fann på gjenbruken! To nydelege hyller!
 Gler meg til å mala dei:) Dei visste ikkje kor gammal denne var, bare at ho var svært gammal:) Trur eg vil ha ho på  kjøkkenet..fortsettelse følger!


Denne hylla trur eg Hanna Sofia skal få på sitt rom. Tenkte å ha bøker, og det ho fekk til dåpen oppi:)  Veldig fin!                      

                                                    

Og til slutt denne søte kanelkrukka. Kjekt å ha kanelen i noko fint:) Må sei eg er svært fornøyd med handelen min i dag!!:)
Nå er det full avslapning her i huset!! Cola, snop og sjokolade på bordet:) Tenkte eg skulle byrja å pussa litt på hyllene og:) Elskar slike lørdagar! 
Ha ein fin kveld!!:) 
 Eit lite innlegg frå meg på morgonkvisten!:) Fatet mitt på salongbordet..i dag skal meg og Hanna Sofia ein tur til gjenbruken:) Gledar meg! Storebroren i huset er med mormor og morfar på hytta i Lyngdal, stor stas!

fredag 5. november 2010

Prosjekt stol!





Hugsa faktisk å ta før bilete på stolen! Den står på vårt soverom. Trengde noko til å legga sengateppe på, på netttene og dei dagane eg ikkje gidd å ordna  senga på morgonen:) Fann stolen på gjenbruk for 125kr.




Var veldig i tvil kva farge den skulle få, eller om eg i det heile skulle mala den. Syntes den var flott slik den var og. Men etter litt tenketid fann eg ut at eg ville ha den lys grå. Står i stil til resten av fargane på soverome..veldig fornøgd!!:)
 

tirsdag 2. november 2010

Haust!!:)

Eg likar hausten veldig godt..liker alle årstidene, men det er noko spesielt når dagane byrjar å verta kortare,  kaldare ute, reggen og stygt ver.Koseleg å sittapå kveldane inne under eit teppe med levande lys med god samvittighet!
Har vore på Krims og Krans i dag og kjøpt meg ny duk. Og hjå systera mi og kjøpt rosar:) Dei er kvite med dus rosafarge inni, kjempe fine!!

søndag 31. oktober 2010

50 kroners stolen min!

 Kjøpte to like stolar for 50kr stk på loppemarked. Eg har malt dei lys antikk. Skal skifta stoff på dei og, men syntes det er alt for dyrt å levera dei inn for å trekka dei om. Så tenkte eg skulle gjera det sjølve. Slengde sauaskinne over førebels  så det kunne dekka det stygge stoffet. Syntes det var litt fint, så enn så lenge får det vera slik, iallefall på vinteren:)
Denne står på gangen oppe, så har eg ein lik på gangen nede. Den har eg tatt grått sauaskinn over. Veldig praktisk å sitta på når eg skal kle på ungane:)

torsdag 28. oktober 2010

Skjenken kjøpte eg på gjenbruken for 500kr. Den var veldig dårleg vedlikehalden. Fleire lag med maling, og den var flassa av og bulkete,er og små sprekker i den. Eg vaska og pussa litt på den før eg mala den. skifta knotta og pussa med sandpapir rundt i kantane, og andre plassar det vert natuleg slitasje. Små sprekkene i skjenken er bare sjarmerande tykkjer eg:)
 Det var ein gammal mann som hadde hatt skjenken. han døydde då han var 80-90. Han hadde arva den av sine foreldre igjen! Så den er veldig gammal, og det likar eg:) Me har skjenken på gangen.
Er litt overivrig etter å byrja å mala, att eg som regel gløymer å ta før bilete når eg pussar opp ting. Skjerpings!

Kvit stil...

 Dette skapet fant eg på loppemarked for 500kr. Det var brunbeisa å fint vedlikehalde. Sette det på plass under trappa i stova. (!!) Etter å vurdert å ha det brunt i nokre timar fannt eg fram malekossten:)  Men veldig fornøyd:)
Flotte utskjæringar!

tirsdag 26. oktober 2010

Fretex lampa

 Fant denne lampa på fretex for 15kr! Eg har spraymala ho med krom spray, og kjøpt ein billeg lampeskjerm på ikea.. Ramen på sida har også fått ein omgang med sprayboksen:)

Vitrineskapet på loftstova

Vitrineskapet var tidlegare brunbeisa. Eg har mala det  lys antikk og sett på nye knott.

Tapenserte det inni , bak på veggen. Brukte den same tapeten som me har på ein vegg i stova . Kjem ikkje så godt  fram  på bilete, men er nokon kryssedullar på den:)

clas ohlson!!!

Tenk å finna så fin lampe på Clas Ohlson:)
Billig og! Kossta 149kr viss eg ikkje hugsar heilt feil.

150år gammal kakkelovn!


 Er så stolt av ovnen min!! kjøpt på  finn  for 5500(!!) er mindre enn ti stk av den i Noreg.
Den skal stå der som den stygge peislingnande greia står.. Står på vent til mannen i huset har tid til å hjelpa:) Dårleg bilete, er mykje finare live!


Denne avisholderen (eller i mitt tilfelle interiørbladholder!) kjøpte eg for 30kr på loppemarked! Var i utgangspunkte furu, men eg med god hjelp av storebroren i huset, mala den lys antikk:). Eg les blada om igjen mange  gonger så  veldig greit å ha ein  plass å oppbevara dei:)

mandag 25. oktober 2010

Veldig fornøyd med klokka mi på kjøkkenet!
Krukkene i hylla kjøpte eg på gjenbruken for ca 30kr stk.
Gammal kjøkkeninnredning som var i huset då m kjøpte det. Me fekk det spraymala og flytta på det. Kom seg veldig!! Men ønsker meg ny kjøkkeninnredning. Dei nye er jo mykje meir praktiske og rommar meir. Vil og at innredninga skulle gått til taket..mykje finare og meir praktisk..denne må nok duge nokre år til i følge mannen i huset..Bilete av heile kjøkkene kjem seinare.

Knask og godter:)

Ord til ettertanke:)

Desse veggorda heng i trappeoppgangen til loftet.

Ei gammal mjølbøtte..

Baderomsinnredninga vår.

Denne "arva" me av farfaren til Olav. Han pleide bruka den til å gje mjøl og melk til kalvane og sauene. Ser han framfor meg. stabbande avgårde med bøtta på slep:) Syntes den er sjarmerande, og ypperleg til å ha dorullane i!:)
Hmm bilete av baderomsinnredninga skulle koma under mjølbøtta! Jaja finn vell utav det etter kvart.





Oppslagstavla mi!


Denne har eg laga sjølve. Brukte ein gammal rame som eg spraymala kvit. Deretter festa eg hønsenetting bak.Denne heng på kjøkkene.
Fant ikkje ut kor eg skulle ha dei små dukane me fekk hjå farmora til Olav. Så hang dei på oppslagstavla mi, syntest dei passa godt!

søndag 24. oktober 2010


Eit litt betre bilete...eller det visar i allefall at det er ein stol:)

Mitt fyrste innlegg!

Eg er litt overinteresert i interiør og oppussing.Syntest det er så gildt å gå på gjenbruk og loppemarked! Finna skattar for så å pussa dei opp..det er terapi, det og riva ugras i beda mine:) Sidan det har vorte ein del møblar å diverse eg har pussa opp, tenkte eg det kunne vera gildt å ha en blogg å dokumentera alt på. Sjå tilbake på, få tips og idear frå (forhåpentlegvis) nokon som gidd å lesa bloggen min:)
Yndlingsmøbelet mitt i heimen for tida er denne gamle stolen:)
Syntest det er sjarmerande med slitte gamle møbler som ikkje blir pussa opp, men får vera i fred.Men kunne aldri hatt alle møblene slik.
Stolen står å prydar i loftstova, med eit gammalt sengeteppe over. Mannen i huset er ikkje like begeistra for stolen min, han rista fælt på hovudet då eg kom drassande inn med den..vell er han vand med at eg kjem heim med mykje gammalt skrot, men pleier alltid å mala og pussa det opp før eg dreg det inn:)
Beklager dårlege bilete! Har tatt bileta med vanleg fotoapparat. Har speilreflekskamera og, må bara finna ut korleis det fungerar:)