Velkommen!!





torsdag 14. juli 2011

Innspirasjonstur til Flor og Fjære:)


 På onsdag reiste endeleg mannen i huset og meg til Flor og Fjære! Etter mykje hinting i fleire år (frå mi side), måtte eg tilslutt ta saken i eigne hender, og bestilla ein tur:-)
Biletet over er teke i båten på veg bort. Me tok båt frå Stavanger, sjølve båtturen tok ca 20 min.
Veldig koseleg:-)


Mor og svigermor passa ungane. Det hadde heilt klart ikkje våre same opplevinga med ein 4 åring som heller ville ha bada i dammane og hoppa frå steinar, enn å sjå på blomar. Og ein eit åring som liker veldig godt å PLUKKA blomar, og bruker mesteparten av fritida si på å springa i frå meg:-)



Me var kjempe heldige med veret! Etter regn og masse vind i mest vekevis, hadde me blå himmel og mest vindstille!



Dei har 30 000 besøkjande kvart år! Det kan eg forstå:-)





 Det vart plantar ut 50 000 sommarbloma kvart år! For ikkje å snakka om alle foskjellege planter som må tas inn om vinteren. Litt av eit arbeid!


Eple hekk! praktisk og fint:-) Syner visst ikkje så godt på biletet.


Eg er definitivt innspirert! Om eg ikkje hadde mange nok idear til hagen vår frå før, har eg i alle fall det nå:) 
 Heilt fantastisk flott hage!!!:)
Kjempe god mat, og bare den råaste kokken:)

Sjekk ut heimesida deira for meir info :


tirsdag 12. juli 2011

Grillhytta by night..



Stolen fann eg på sankthans bålet.
Trommeltingen tok mannen i huset med
heim frå arbeid, etter VELDIG mykje overtalelse:)
Gjekk tilslutt med på det då eg kom heim med skattane mine frå sankthans bålet. 
Då passa det inn med det andre skrotet mitt meinde han på..
Jaja eg er fornøyd:-)
Bordet og stolen har eg kvitbeisa.


Den brune benken fekk og vera med heim frå sanktans bålet.
Tenkte eg skulle mala den kvit..
Dei runde puffane er kjøpt på Ikea for mange år sidan.
                                          


Fine liten terrassevarmer!! Godt med ein elektriker som mann:-)
Han har og lagt opp ein stikkontakt til meg, slik at eg kan steike vaffler ute.



Kull grillen som står gøymt bak steinen, har og mannen i huse laga.
Eg tykkjer det er absolutt mest koseleg med kull grill,
sjølv om det tek ein halv evighet før maten kan inntas!


søndag 10. juli 2011

Redda frå sankthans bålet!

Eg var så heldig å fekk gå på skattejakt på sankthans bålet hjå ei venninna! Dei hadde rydda ut av ei gammal løa som skal rivast...Fann kjempe mykje fint!

Denne gamle dynamitt kassen får leva vidare som blomekasse:-)


Gamle eplekassar..Det lyser så fint i lykta på kveldane.

Synest dei passa fint oppå trappa på terrassen.

Kjempefin blåmalt stige! Akkurat passe slitt. Passa så godt inn med fargane på terrassen.
Eg har henge opp eit par små lykter til å ha telys i.


Har og ein gammal stol og ein benk  som eg fann på bålet. Bilete kjem forhåpentlegvis i morgon:)

Nå er det endeleg ferie for mannen i huset!! Me feirar med cola, snop og ein god film:-)

Ha ein flott søndagskveld!:)