På onsdag reiste endeleg mannen i huset og meg til Flor og Fjære! Etter mykje hinting i fleire år (frå mi side), måtte eg tilslutt ta saken i eigne hender, og bestilla ein tur:-)
Biletet over er teke i båten på veg bort. Me tok båt frå Stavanger, sjølve båtturen tok ca 20 min.
Veldig koseleg:-)
Mor og svigermor passa ungane. Det hadde heilt klart ikkje våre same opplevinga med ein 4 åring som heller ville ha bada i dammane og hoppa frå steinar, enn å sjå på blomar. Og ein eit åring som liker veldig godt å PLUKKA blomar, og bruker mesteparten av fritida si på å springa i frå meg:-)
Me var kjempe heldige med veret! Etter regn og masse vind i mest vekevis, hadde me blå himmel og mest vindstille!
Dei har 30 000 besøkjande kvart år! Det kan eg forstå:-)
Det vart plantar ut 50 000 sommarbloma kvart år! For ikkje å snakka om alle foskjellege planter som må tas inn om vinteren. Litt av eit arbeid!
Eple hekk! praktisk og fint:-) Syner visst ikkje så godt på biletet.
Eg er definitivt innspirert! Om eg ikkje hadde mange nok idear til hagen vår frå før, har eg i alle fall det nå:)
Heilt fantastisk flott hage!!!:)
Heilt fantastisk flott hage!!!:)
Kjempe god mat, og bare den råaste kokken:)
Sjekk ut heimesida deira for meir info :